Ho Målfrid
Ho gjekk stilt i dørene, ho Målfrid
Ho sa ikkje for mykje
Ho kravde ikkje så mykje
Ville ikkje vere til bry
Ho var så sterk og rank, ho Målfrid
Sorga bar ho åleine
Gleda delte ho med andre
Ville at alle skulle ha det bra
Ho famna oss så mjukt og mildt, ho Målfrid
Dømde aldri nokon
Hadde berre gode ord
Men auga gnistra når noko var urett
Ho var mor og bestemor, ho Målfrid
ho var farmor, mormor og oldemor
ho var syster og svigermor, ho var tante Molla
og for oss alle blei ho vår eiga heilt spesielle Målfrid